Frå gammalt av vart samisk og norsk sannsynlegvis sedde på som likeverdige språk, og samar og nordmenn som likeverdige folk. Langt framover på 1800-talet kunne samisk bli brukt i undervisninga i skulane i dei samiske områda slik norsk (eller dansk)  vart brukt i dei norske. Dette tilhøvet endra seg etter kvart som vi nærma oss vår tid. Samisk fekk lågare og lågare status.

Frå midten av 1800-talet sette den norske staten ut i livet ein politikk som tok sikte på å utrydde samisk språk, og styresmaktene kom til å sjå på samane som mindreverdige folk. Dette vart på denne tida underbygd av teoriar om høgare- og lågareståande rasar, I følgje raseteoriane høyrde nordmennene til ein betre rase enn samane. Dette vart sett på som vitskap. Den politiske konklusjonen vart at samane måtte bli norske.

Skulen vart ein viktig reiskap til å gjera samane norske på denne tida. Undervisninga skulle vera på norsk, og samisk fekk ingen verdi i skuleverket. Samtidig vart samisk språk systematisk usynleggjort i samfunnet. Til dømes sørga styresmaktene for at samiske stadnamn vart omsette til norsk, og at dei gamle samiske namna forsvann frå kart og all annan offentleg bruk. Norske namn vart sette inn i staden.

Samane sjølve gjorde motstand mot denne politikken. Det skjedde både lokalt og på det rikspolitiske planet. I 1906 vart Isak Saba vald inn på Stortinget frå Aust-Finnmark. Han vart vald på ei småbrukar- og fiskarliste som òg hadde eit samepolitisk program som motsette seg fornorskinga. Saba, som sjølv hadde samisk som morsmål, sat på Stortinget i to periodar.

Samane stifta òg organisasjonar på denne tida for betre å kunna nå fram med sine interesser. Ved sida av Isak Saba er Elsa Laula Renberg og Daniel Mortenson i dag dei mest kjende namna blant dei som aktivt motsette seg styresmaktene sin politikk og som samstundes var pådrivarar for samisk organisering. På lang sikt fekk dei gjennomslag for sitt syn.

Ny språkpolitikk

På 1970- og 80- vart mange av tankane frå folk som Saba, Laula Renberg og Mortenson tekne oppatt. Samane orienterte seg no også internasjonalt på den måten at dei samarbeidde med urfolk andre stader i verda. Denne store politiske innsatsen begynte å gje konkrete resultat rundt 1990. Då vart samisk offisielt språk i Noreg. Retten til å bruke samisk kom då inn på mange nye samfunnsområde, stadnamnlova vart endra slik at samiske namn igjen skulle bli synlege osv.

Ein heil del positivt har skjedd for samisk språk etter 1990. Men fornordkingsperioden var lang, og mykje vart øydelagt for samisk språk i denne tida. Det vil ta lang tid å rette opp det som skjedde. Til dømes var det mange familiar som skifta heimespråk frå samisk til norsk i denne perioden, og slik er det i dag ein heil del samar som ikkje kan språket. Mange av desse ønskjer no å ta språket tilbake.

Etter krav frå samane har styresmaktene oppretta eit eige geografisk forvaltningsområde for samisk språk. Forvaltningsområdet skal gjera det lettare å styrke og utvikle språket for framtida, ordninga skal sikre opplæring i skulane, sikre offentleg bruk og fremja synleggjeringa. I dag er kommunane Nesseby, Tana, Karasjok, Porsanger, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord, Hattfjelldal, Røyrvik, Snåsa og Røros innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Dei fem førstnemnde kommunane er i Finnmark fylke, dei to neste i Troms, deretter to kommunar i Nordland, dei tre sistnemnde er i Trøndelag.