I Noreg blir samisk snakka i eit område frå Aust-Finnmark i nord til Elgå ved Femundsjøen i Hedmark i sør.

Viss vi går til faglitteraturen, vil det der stå at det blir snakka fleire samiske språk i dette store området. Då må vi vera klar over at det ikkje finst nokon fast definisjon på kva som er eit språk og kva som er ein dialekt.

Det samiske språkområdet i Noreg utgjer eit såkalla dialekt-kontinuum, det vil seia at talespråket endrar seg gradvis frå nord til sør, men på ein slik måte at folk heile vegen kan forstå nabodialektane.

Det samiske språkområdet i Noreg utgjer eit såkalla dialekt-kontinuum, det vil seia at talespråket endrar seg gradvis frå nord til sør, men på ein slik måte at folk heile vegen kan forstå nabodialektane. Forandringane undervegs blir likevel så store at talespråka i kvar sin ytterkant ikkje er innbyrdes forståelege. Ein person med samisk morsmål frå Finnmark kan difor ikkje utan vidare forstå ein samisktalande frå Trøndelag. Se de forskjellige språkområdene i kartet.

I Noreg blir det i dag gitt skuleopplæring i tre forskjellige samiske språk: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Vi kan kalle dette tre språk (ikkje dialektar) mellom anna fordi det her er tale om tre ulike skriftnormalar. Nordsamisk og sørsamisk er ikkje innbyrdes forståelege, lulesamisk ligg ein stad i mellom dei to andre.

Forutan dei tre nemnde språka, høyrer også skoltesamisk, pitesamisk og umesamisk til på norsk side av grensa. Men desse er i dag ikkje i bruk i skulen i Noreg, og dei blir for tida snakka av svært få.

Samisk – eit finskugrisk språk

Det finst fleire tusen språk i verda, men berre rundt 200 statar. Det er difor vanleg at det innanfor ein og same stat bur fleire folkegrupper som frå gammalt av snakkar ulike språk. Slik er det i dei nordiske landa òg. I Noreg, Sverige, Finland og Nordvest-Russland har samisk vore snakka sidan før statsgrensene vart dratt, og samisk er i dag eit levande språk i alle desse fire landa ved sida av majoritetsspråka norsk, svensk, finsk og russisk.

Dei aller fleste språka i Europa høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Det kan vi mellom anna sjå ved å samanlikne delar av det mest sentrale ordforrådet i ulike språk. Som døme kan vi ta ordet for talet 12 i nordeuropeiske språk. På norsk, svensk, og dansk blir dette talet kalla «tolv», på engelsk heiter det «twelve» og på tysk «zwölf». Det er lett å sjå at ord i desse språka må ha eit felles historisk opphav. Samisk språk derimot har eit heilt anna historisk opphav, og er ikkje i «slekt» med dei språka som her er nemnde.

Forutan samisk, høyrer finsk, estisk og ungarsk òg til denne språkfamilien, i tillegg til ei rekkje større og mindre minoritetsspråk i Russland.

På samisk, slik språket blir snakka i Finnmark, heiter talet 12: «guoktenuppelohkái», svært ulikt både «tolv», «twelve» og «zwölf». Samisk høyrer ikkje til den indoeuropeiske språkfamilien, slik norsk gjer, men høyrer til ein språkfamilie som blir kalla finsk-ugrisk. Forutan samisk, høyrer finsk, estisk og ungarsk òg til denne språkfamilien, i tillegg til ei rekkje større og mindre minoritetsspråk i Russland. Dei finskugriske språka blir snakka i eit samanhengande område frå Ural og vestover. Samisk er det vestlegaste språket i det tradisjonelle finskugriske språkområdet.

Illustrasjon av den uralske språkfamilien. Den uralske språkfamilien består av to hovedgrupper: de finsk-ugriske og de samojediske.