Samisk språk og språkhistorie

Disse artiklene skal gjøre deg bedre kjent med samiske språk, dialekter og samisk språkhistorie.


Tekst: Professor i samisk sosiolingvistikk, Jon Todal

Oversikt over dei elleve samiske språka

Samiske språk blir tradisjonelt snakka over eit svært stort geografisk område. Dette området strekker seg frå Kvitsjøen i Russland i nordaust til Femundsjøen i Innlandet fylke i Noreg i sørvest. Etter at samane hadde etablert seg her, har området blitt delt mellom fire statar: Russland, Finland, Sverige og Noreg. Samisk er i dag minoritetsspråk i alle desse fire statane.

Samiske språk dannar langt på veg eit dialektkontinuum innanfor det store geografiske området som er nemnt ovanfor. Eit dialektkontinuum vil her seia at talespråket, dialekten, endrar seg gradvis frå nord til sør, men på ein slik måte at folk heile vegen kan forstå nabodialektane. Etter kvart som den geografiske avstanden blir lengre, blir det vanskelegare å forstå kvarandre. Ein samisktalande frå Kolahalvøya i Russland kan difor ikkje forstå ein samisktalande frå Engerdal i Innlandet i Noreg. Dette er noko av bakgrunnen for at ein i dag snakkar om fleire samiske språk.

Kart: Mikkel Berg-Nordlie, Selma Evenstad og Samer/Store norske leksikon

Dei fleste som skriv om samiske språktilhøve, reknar med at det finst ni eller ti samiske språk. Dei språka som det då blir referert til, er: tersamisk, kildinsamisk, akkalasamisk, enaresamisk, skoltesamisk, nordsamisk, lulesamisk, pitesamisk, umesamisk og sørsamisk. Det finst ingen offisiell definisjon på kva som er ein dialekt og kva som er eit språk. Difor kan talet på samiske språk diskuterast.

Då statane delte det samiske området mellom seg, vart statsgrensene dratt i retning sør-nord. Dei tradisjonelle samiske kulturgrensene for språk- og dialektforskjellar går derimot oftast i retning aust-vest. Difor går samiske språkgrenser i dag på tvers av statsgrensene, og dei same dialektane, eller språka, kan bli snakka båe i to og tre statar.

Tabellen nedanfor viser det geografiske tilhøvet mellom stat og samiske språk. Tabellen skal lesast slik at dei ulike språka blir snakka der det står eit kryss. Tersamisk har berre eitt kryss i figuren, og blir snakka berre i Russland. Skoltesamisk har tre kryss, og  det språket blir tradisjonelt snakka i Russland, Finland og Noreg.

SpråkRusslandFinlandSverigeNoreg
Tersamiskx   
Kildinsamiskx   
Akkalasamiskx   
Skoltesamiskxx x
Enaresamisk x  
Nordsamisk xxx
Lulesamisk  xx
Pitesamisk  xx
Umesamisk  xx
Sørsamisk  xx

Vi ser at i kolonnen for Noreg, står det seks kryss. Det betyr at seks samiske språk tradisjonelt blir snakka, eller har vore snakka, i Noreg. Dei språka er skoltesamisk, nordsamisk, pitesamisk, lulesamisk, umesamisk og sørsamisk.

Tabellen seier ikkje noko om kor mange som snakkar dei forskjellige språka. Av dei seks språka i Noreg er det tre, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, som i dag blir brukte av barn og som det kan bli gitt opplæring i på skulen. Av desse tre språka igjen er det nordsamisk som har langt dei fleste talarane.


Tekst: Professor i samisk sosiolingvistikk, Jon Todal

Kvar kjem samisk språk frå

Kvar kjem samisk språk frå? Dette er eit spørsmål som gjerne dukkar opp når det er tale om samisk i Noreg. Bak spørsmålet ligg det ei førestilling om at norsk språk høyrer «naturleg» heime i Noreg, og at samisk difor må vera komme ein annan stad i frå – sidan det er så ulikt norsk.

Norsk er i dag eit såkalla statsberande språk i staten Noreg, men tidlegare variantar både av norsk og samisk vart snakka i dette området lenge før staten vart etablert. Eit svar på det innleiande spørsmålet om kvar samisk språk er komme frå, er difor at både norsk og samisk språk, slik vi kjenner desse språka i dag, har utvikla seg i dei områda der dei no er i bruk. Det blir difor feil å seia at desse språka er komne andre stader ifrå, dei høyrer begge «naturleg» til her sjølv om dei er svært ulike.

Dei to språka norsk og samisk høyrer til to ulike språkfamiliar. Norsk er eit indoeuropeisk språk, og samisk er eit finsk-ugrisk språk.

Når språkvitarane snakkar om språkslektskap, tenkjer dei mellom mangt anna på likskap mellom sentrale grunnord i språka. Eit døme: det norske talordet  «tolv», heiter «twelve» på engelsk, «Zwölf» på tysk og «tölf» på islandsk. At dette sentrale ordet er så likt i norsk, engelsk, tysk og islandsk, indikerer at desse fire språka er i nær slekt.

Det norske talordet «tolv» heiter «guoktenuppelohkái» på nordsamisk. Ulikskapen mellom dei to orda indikerer at språka norsk og nordsamisk ikkje er i slekt.

Det er vanleg over størsteparten av verda at heilt forskjellige språk kan leva side om side innanfor det same geografiske området. Dei finsk-ugriske språka, som samisk høyrer til, fordeler seg geografisk slik som vist på kartet nedanfor. Av kartet ser vi at dei fleste av dei finsk-ugriske språka, men ikkje alle, er minoritetsspråk innanfor den staten der dei blir snakka. Desse språka slik vi kjenner dei i dag, har utvikla seg innanfor det geografiske området som er vist på kartet. Det gjeld samisk òg.

Illustrasjon av den uralske språkfamilien. Den uralske språkfamilien består av to hovedgrupper: de finsk-ugriske og de samojediske.
Tekst: Professor i samisk sosiolingvistikk, Jon Todal

Utrydding av samisk språk i Noreg

Frå gammalt av vart samisk og norsk sannsynlegvis sedde på som likeverdige språk, og samar og nordmenn som likeverdige folk. Langt framover på 1800-talet kunne samisk bli brukt i undervisninga i skulane i dei samiske områda slik norsk (eller dansk)  vart brukt i dei norske. Dette tilhøvet endra seg etter kvart som vi nærma oss vår tid. Samisk fekk lågare og lågare status.

Frå midten av 1800-talet sette den norske staten ut i livet ein politikk som tok sikte på å utrydde samisk språk, og styresmaktene kom til å sjå på samane som mindreverdige folk. Dette vart på denne tida underbygd av teoriar om høgare- og lågareståande rasar, I følgje raseteoriane høyrde nordmennene til ein betre rase enn samane. Dette vart sett på som vitskap. Den politiske konklusjonen vart at samane måtte bli norske.

Skulen vart ein viktig reiskap til å gjera samane norske på denne tida. Undervisninga skulle vera på norsk, og samisk fekk ingen verdi i skuleverket. Samtidig vart samisk språk systematisk usynleggjort i samfunnet. Til dømes sørga styresmaktene for at samiske stadnamn vart omsette til norsk, og at dei gamle samiske namna forsvann frå kart og all annan offentleg bruk. Norske namn vart sette inn i staden.

Samane sjølve gjorde motstand mot denne politikken. Det skjedde både lokalt og på det rikspolitiske planet. I 1906 vart Isak Saba vald inn på Stortinget frå Aust-Finnmark. Han vart vald på ei småbrukar- og fiskarliste som òg hadde eit samepolitisk program som motsette seg fornorskinga. Saba, som sjølv hadde samisk som morsmål, sat på Stortinget i to periodar.

Samane stifta òg organisasjonar på denne tida for betre å kunna nå fram med sine interesser. Ved sida av Isak Saba er Elsa Laula Renberg og Daniel Mortenson i dag dei mest kjende namna blant dei som aktivt motsette seg styresmaktene sin politikk og som samstundes var pådrivarar for samisk organisering. På lang sikt fekk dei gjennomslag for sitt syn.

Samiske internatbarn i Karasjok på 1950-tallet. FOTO: Sverre A. Børretzen/NTB Scanpix
Ny språkpolitikk

På 1970- og 80- vart mange av tankane frå folk som Saba, Laula Renberg og Mortenson tekne oppatt. Samane orienterte seg no også internasjonalt på den måten at dei samarbeidde med urfolk andre stader i verda. Denne store politiske innsatsen begynte å gje konkrete resultat rundt 1990. Då vart samisk offisielt språk i Noreg. Retten til å bruke samisk kom då inn på mange nye samfunnsområde, stadnamnlova vart endra slik at samiske namn igjen skulle bli synlege osv.

Ein heil del positivt har skjedd for samisk språk etter 1990. Men fornorskingsperioden var lang, og mykje vart øydelagt for samisk språk i denne tida. Det vil ta lang tid å rette opp det som skjedde. Til dømes var det mange familiar som skifta heimespråk frå samisk til norsk i denne perioden, og slik er det i dag ein heil del samar som ikkje kan språket. Mange av desse ønskjer no å ta språket tilbake.

Etter krav frå samane har styresmaktene oppretta eit eige geografisk forvaltningsområde for samisk språk. Forvaltningsområdet skal gjera det lettare å styrke og utvikle språket for framtida, ordninga skal sikre opplæring i skulane, sikre offentleg bruk og fremja synleggjeringa. I dag er kommunane Nesseby, Tana, Karasjok, Porsanger, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Tjeldsund, Tysfjord, Hattfjelldal, Røyrvik, Snåsa og Røros innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Dei fem førstnemnde kommunane er i Finnmark fylke, dei tre neste i Troms, deretter to kommunar i Nordland, dei tre sistnemnde er i Trøndelag.

Fornorskningspolitikken og dens konsekvenser

Lær mer om fornorskningspolitikken og dens konsekvenser i Henry Mindes artikkel Fornorskinga av samene – hvorfor, hvordan og hvilke følger?

Artikkelen kan lastes ned.

Foto: KARASJOK, Januar 1950. Fra Internatskolen for Flyttsame-barn.  Sv. A. Børretzen / Aktuell / Scanpix